søndag 5. september 2010

ARGUMENTASJON


Kva er argumentasjon? 

Å argumentere er å grunngje påstandar for å overtyde andre om at det du seier, er rett eller rimeleg. Det er viktig å kunne argumentere godt for å få fram synet ditt. Å debattere er å kjempe med ord som våpen for å overvinne tvil og vinne over motstandaren. 

Å finne gode argument. 

Det er viktig å finne argument som byggjer opp under synspunktet ditt. Lag ei liste over dei argumenta du vil bruke, og notere dei motargumenta du trur kan kome. Passar på at du presiserer det du meiner. Definer omgrepa slik at du ikkje blir misforstått. Argumenta må vere relevante, ha noko med saka å gjere. Argumenta må vere haldbare. Er argumenta sanne, sannsynlege og/eller truverdige? Viktig å lage ein strategi for å vinne f.eks. ein debatt. Velje ut argument og framstillingsform. Korleis skal du byggje opp innlegget? Før – men no – og i framtida! Ver spesielt oppteke av innleiing og avslutning. 

Konsentrer framstillinga om dei vesentlegaste argumenta. Legg vekt på å utvikle eit klårt og logisk samanhengande resonnement. Vurder kva for ein argumentasjonsmåte som vil ha størst verknad på mottakaren. Vise til eigne kunnskapar og røynsler, skapar troverdigheit. 

Bruke skjult argumentasjon, blir mykje brukt i reklame. Referere til ekspertar på området, skapar truverdighet. Bruke ”fleirtallsargumenter”. ”Fleirtalet/folk flest meiner ...”. Samanlikne saker og situasjonar som liknar på kvarandre. Bruke generaliseringar, det som gjeld for ein, gjeld for alle. Gje først motstandaren delvis rett, for så å kome med innvendingar. 

For å bli ein god debattant, byrj med å definere emnet og samle informasjon. Vel ut den informasjonen som underbygger argumenta dine. Tenk gjennom kva for motargument du kan forvente å få. Bygg opp argumentasjonen slik at han er tydeleg å følgje. Bruk argument som appellerer både til fornufta og kjenslene. Tenk over språket og den stilen du brukar. Lote til motparten og ikkje avbryt i utide. Unngå å bruke hersketeknikkar. Bruk stemme og kroppsspråk med energi og engasjement.
Kilder: Google, søkeord: argumentasjon og gode argumenter.